Velkomen til opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard 21. april kl. 14.00
Snodige og mjuke skulpturar, vare figurar og barnlege hytter.
Shawn Smith (US) RETHINGS Skulptur
Terje Resell grafikk
Jens Hauge DET NORSKE HUSET foto
Synnøve Øyen & John K. Raustein I SAMSPILL II tekstil
Shawn Smith (US) RETHINGS
Den amerikanske kunstnaren Shawn Smith undersøkjer skjæringspunktet mellom den digitale verda og røynda me lever i. Spesielt er han interessert i korleis me opplever naturen gjennom ny teknologi. Bakgrunnen til kunstnaren sine undersøkingar er at når me ser bilete av natur på TV eller på ein dataskjerm, trur me at me ser naturen, men eigentleg ser me berre mønstre av «pikselert lys» (pixilated light). I utstillinga på Hå gamle prestegard får me sjå nye arbeid frå serien «Rethings». Her møter me snodige dyreskulpturar som framstår som piksla eller grovkorna bilete i 3D. Smith finn motiva til skulpturane på nettet og lager så tredimensjonale objekt frå desse bileta. Skulpturane bygger han opp piksel for piksel. På denne måten får kunstnaren ei forståing for korleis kvar minste bit speler ei avgjerande rolle i forhold til korleis gjenstaden framstår. Kvar piksel i skulpturen er laga i mdf-plater kutta i små biter og malt individuelt. Shawn Smith utforskar identitet, farge, teknologi og vitskap i sine arbeid. Han er oppteken av korleis sambandet mellom kunstneren si hand og objektet fungerer. Han er òg oppteken av ting og deira plass i vår historie og korleis vårt forhold til ting endrar seg samen med den teknologiske utviklinga – den som fører til at me i større grad observerer verden gjennom en skjerm.
Terje Resell grafikk
I gamle fjoset på Hå gamle prestegard får me eit gjensyn med koldnålsraderingane til Terje Resell. Bileta hans er lett gjennkjennelege med blandinga av lette skisseprega streker og breide linjer. Om motiva seier kunstnaren sjølv: "Jeg forsøker å uttrykke noe av hva det vil si å være menneske. Jeg jobber med å få streken til å bli levende. Forarbeidet ligger i skissene jeg lager, som kan ta tid. I selve platen må det skje med en viss hastighet for å få det spontane med. Jobben ligger på en måte liksom før jeg tar fatt på kobberet. Nålens gang i platen gir liv til streken." Arbeida blir til ved at han rissar motivet inn i ei kobberplate med koldnål, ein teknikk der alt må stemma ved første forsøk, for det er ikkje mogleg å ta bort streken når den første er der. Plata blir satt inn med farge for hand før kvart trykk. All trykking blir gjort av kunstnare sjølv. Terje Resell (1949) bur og arbeider i Fredrikstad. Han har hatt ei rekkje separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland dei siste åra. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd og Bergen Billedgalleri.
Synnøve Øyen & John K. Raustein I SAMSPILL II
John K. Raustein og Synnøve Øyen vart kjent med kvarandre på Kunsthøgskolen i Bergen i 1995.
Begge har eit sterkt forhold til materialitet og utforsker heile tida kva som er mogleg med dei materiala dei nytter. Interesse for kvardagsmateriale er òg noko dei har felles.
Mange av Rausteins arbeid består av store mengder tekstil. Ved hjelp av enkle grep og teknikkar, utnytter og presser han tekstila til det oppstår nye dimensjonar og uventa rom. Kunnskap om eigenskapa til tekstila og erfaringar frå tidlegare stadsspesifikke verk gjør at kunstnaren kan sei kva som skjer når han handsamar ein tekstil på ein spesifikk måte. Repetisjoner av ulike element og former tilfører volum og variasjon tilfører energi og rørsle. Raustein forenklar, forstørrar og repeterer i et tilsynelatande tilfeldig uttrykk, og på denne måten ønskjer han å fortelle historier. Utforsking av formale problemstillingar, særleg farge og oppbygging av flate og rom er sentralt i Synnøve Øyen sine arbeid. Når me broderer fokuserer me mest på framsida, me har mindre kontroll med kva som skjer på baksida. Synnøve Øyen utnytter dette og ved å skifte på kva som er rettsida når ho syr, synleggjer hun dei delane av syprosessen som er tilfeldige. Hun vekslar mellom det ho kan kontrollere og det som oppstår tilfeldig. Ved å sy på denne måten får ho større variasjon i strukturar og teksturar, og fleire uttrykk å velje i.
I tillegg til å vise separate arbeid, syner òg Raustein og Øyen eit samarbeidsprosjekt. I dette samarbeidet legger dei vekk klare mål, og improviserer seg fram til former og materiale etter lyst og innfall. Dei skaper eit felles kunstuttrykk som er heilt annleis enn det dei elles arbeider med.
Synnøve Øyen (1974) er utdanna ved mellom anna Kunsthøgskolen i Bergen. Ho byrja å stille ut tidleg og har mange utstillingar bak seg, både i Noreg og utlandet. John K Raustein (1972) er òg utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. I tillegg til å ha ei lang liste av utstillingar å syne til er han kjøpt inn av mellom anna Nasjonalmuseet.
synnoveoyen.blogspot.com
www.johnkraustein.com
Jens Hauge DET NORSKE HUSET
I 2009 kom boka «Det norske huset» ut. Boka er eit samarbeid mellom Jens Hauge som har teke bilete av leikehytter og forfattaren Frode Grytten som har skrive tekstar til. Eit utval av tekstane til Grytten er med på utstillinga som no blir vist på Hå gamle prestegard, det same er somme av bileta frå boka. I tillegg har Hauge vore på Jæren og fotografert jærske leikehytter som me no får sjå for fyrste gong. Om Det norske huset: "I sin nyttårstale 1. januar 1997 sa daværende statsminister Thorbjørn Jagland følgende: «Da den nye regjeringen tiltrådte i høst, brukte vi uttrykket Det norske hus. Det var for å få fram at samfunnet, akkurat som et hus, må bygges av dem som bor der. Men også for å understreke at det norske samfunn må ha en grunnmur, det må ha vegger og et tak.» Og spør du forfatter Frode Grytten og fotograf Jens Hauge, vil de ganske sikkert si seg enige i det første – «bygget av dem som bor der» – men kanskje litt mer skeptiske til det siste – «at huset må ha grunnmur, vegger og tak». I Det norske huset går de to tilbake til byggmessig basic. Til det første bygget: plankehytta. Den som alle kan reise. Der alle kan bo. Der alt du trenger er ei sulten sag. Et sted utenfor allfarvei. Bortenfor boligmarkedet. Der Nikkei-indeksen kan ta seg en tur. Og styringsrenta styrer ingenting.Men plankehytta er også et utkikkspunkt. Et sted for oversikt. En plass i skogen der voksenverdenen blir synlig. Med sine arkitekter, eiendomsmeglere og hyttebyggende millionærer." Det er ofte tolkingar av landskap Hauge arbeider med i sine fotografi. Tilnærminga til landskapet i Hauge sine bilete varierar frå konseptuell, surrealistisk til meir poetisk tolking av menneske sin innverknad på naturen. Sidan Jens Hauge (1953) hadde den fyrste separatutstillinga si i 1976 er verka hans blitt synt i kunstgalleri og museum i mellom anna Skandinavia, USA, Storbritannia, Polen, Nederland og Argentina. Hauge bur og arbeider i Lærdal i Sogn og fjordane.
Brutte løfter, 2012. John K. Raustein.
Foto: Øystein Thorvaldsen
Detalj John K. Raustein, Brutte løfter 2012.
Foto Øystein Thorvaldsen
Synnøve Øyen, Detalj: Innimellom alt det andre, 2012.
Foto Øystein Thorvaldsen